IMG_9253.png

Joar Solberg Trafikkskule har eksistert sidan 1993, og består av fem tilsette: fire trafikklærarar og ein kontormedarbeidar. Me held til på Fosshaugane Campus, nokre minuttar frå Sogndal vidaregåande skule. Bruk Sognekraftinngangen/inngangen ved det gamle gymnaset.

Sjefen sjøl er sjølvsagt Joar Solberg! Han gjekk ut frå Statens Trafikklærerskole i 1988, og har mange års erfaring innanfor trafikkopplæring. Han kan tilby opplæring innanfor fleire førarkortklassar. Desse er då bil, bil og hengar, traktor, moped og MC.

-Her finn du kontaktinformasjon til våre tilsette

Vårt mål er å veilede våre elevar gjennom trafikkopplæringen på ein sikker og effektiv måte. Trafikkopplæringa her i landet er fastsett av Vegdirektoratet. I dei forskjellige førarkortklassane er det fastsatt ulike læreplanar som må følgjast.

Læreplanen er inndelt i øvingar eleven må gjennom for å nå målet om å ferdast i trafikken på ein trygg og effektiv måte. Oppkøyringen er då ein kontroll på at dette målet til slutt er nådd.

Me samarbeider med Bjarnes Trafikkskule og Vidar Fylling Trafikkskule. Me køyrer felles kurs og deler kontor og lokale saman med dei.

-Påmelding førarkortopplæring hjå Joar Solberg Trafikkskule