IMG_5702.png
IMG_5666.png
IMG_5710.png
IMG_5688.png
IMG_5711.png
IMG_5806.png
IMG_5636.png
IMG_5702.png

Øvingskøyring klasse B og BE


Øvingskøyring klasse B (personbil) og BE (personbil+hengar). Du får større utbytte av opplæringa på trafikkskulen om du på same tid øver privat.

SCROLL DOWN

Øvingskøyring klasse B og BE


Øvingskøyring klasse B (personbil) og BE (personbil+hengar). Du får større utbytte av opplæringa på trafikkskulen om du på same tid øver privat.

Øvingskøyring klasse B og BE

Det er viktig å øvingskøyre mykje før du tek ”lappen”!

Høg ulykkesrisiko heng i stor grad saman med lite køyreerfaring. For å redusere risikoen, bør du køyre mykje før førarprøva.
Du får større utbytte av opplæringa på trafikkskulen om du på same tid øver privat. I tillegg får du nyttig erfaring.

OBS! Øvingskøyring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk!
For å kunne øvingskøyre i klasse B må du

  •  vere fylt 16 år
  • ha fullført trafikalt grunnkurs
  • ha med anten bevis for fullført trafikalt grunnkurs og legitimasjon, eller førarkort i ein annan klasse

Frå 1. juli 2009 vil personar som er over 25 år vere fritekne frå delar av trafikalt grunnkurs. Dette inneber at desse kan øvingskøyre utan å ha kurset. Akseptabel legitimasjon med bilde som stadfestar at ein er over 25 år må takast med under køyring.


Den som er med deg

  • må vere fylt 25 år
  • må ha hatt førerett for bil samanhengande dei siste 5 åra
  • NB! Kan ikkje ta betaling, sjå lengre ned på sida.

Bilen må

  • vere merka bak med ein godt synleg raud L på kvit bakgrunn (sjå til venstre nedst på sida)
  • ha ekstra spegel for den som er med deg
  • tilhøyre klasse B (tillaten totalvekt ikkje over 3500 kg)

Øvingsområdet:

  • Må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa
  • Unngå øving i tett trafikk og høg fart før du er god nok til å følgje trafikkrytmen
  • Du har ikkje lov til å øvingskøyre i utlandet


På øvingsbane eller avsperra område er det lov å øvingskøyre når den som er med deg har visuell kontakt og kan instruere deg

NB! Opplæring mot vederlag:

Det blir rekna som opplæring mot vederlag når den som sit ved sida av får betaling for å vera med, same kven som betaler. Det er viktig å merke seg dette, ettersom det blir stilt meir omfattande krav til kjøretøy, lærar osv når opplæringa skjer mot vederlag.


For å kunne øvingskøyre i klasse BE  må du

  • vere fylt 16 år
  • ha fullført trafikalt grunnkurs
  • ha med anten bevis for fullført trafikalt grunnkurs og legitimasjon, eller førarkort i ein annan klasse

bør du

  • ha førarkort i klasse B eller ha gjennomført opplæring i denne klassen

Den som er med deg

  • må vere fylt 25 år
  • må ha hatt førerett i klasse BE samanhengande dei siste 5 åra
  • NB! Kan ikkje ta betaling, sjå lengre ned på sida

Bilen må

  • tilhøyre klasse B (tillaten totalvekt ikkje over 3500 kg)
  • ha speglar som gjev godt utsyn bakover, sjå lengre ned på sida

Tilhengaren må

  • ha aktuell totalvekt som ikkje er over det som er fastsett i vognkortet for bilen

Øvingsområdet:

  • Må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa
  • Du har ikkje lov til å øvingskøyre i utlandet


Krav til speglar når du kjører med tilhengar:

Generelt:

  • Minst ein spegel skal gje slikt synsfelt at du ser sida på tilhengaren

Når tilhengaren er like brei eller breiare enn bilen skal du kunne sjå

  • sida på tilhengaren i begge speglane
  • vegbanen på venstre side 10 m bak deg i ei breidde på minst 2,5 m
  • vegbanen på høgre side bak deg i ei breidde på minst 2,0 meter

Reglane om øvingskjøring er ulike i alle land. Legg difor ikkje øvingskjøring i privat regi til utlandet. For å øvingskøyra i Sverige må følgjeperson ha gjennomgått ei spesiell opplæring og registrert seg hjå myndigheitene. I Danmark er forbode å øvingskøyra privat.

IMG_5666.png

Trinn 1 personbil


Trafikalt grunnkurs. Før du kan begynne å øvingskøyre (privat eller ved godkjent opplæringsinstitusjon) må du ta trafikalt grunnkurs.

Trinn 1 personbil


Trafikalt grunnkurs. Før du kan begynne å øvingskøyre (privat eller ved godkjent opplæringsinstitusjon) må du ta trafikalt grunnkurs.

Trafikalt grunnkurs

Før du kan begynne å øvingskøyre (privat eller ved godkjent opplæringsinstitusjon) må du ta trafikalt grunnkurs. Når kurset er gjennomført vil du få eit bevis som du, saman med godkjent legitimasjon med bilde, må ha med under køyring.

Trafikalt grunnkurs er obligatorisk og er felles for alle de lette køyretøyklassene (moped, motorsykkel, personbil, tre- og firehjuls moped, snøscooter og traktor), kurset er i alt på 17 undervisningstimar og omhandlar:

  • Trafikkopplæringen 
  • Grunnleggande forståelse for trafikk
  • Mennesket i trafikken 
  • Øvingskøyring og køyreerfaring 
  • Førstehjelp 
  • Tiltak ved trafikkulykke
  • Mørkekøyring

Gjennom opplæringen i trinn 1 skal du utvikle ein grunnleggande forståelse for kva bilkøyring, moped- eller motorsykkelkøyring, køyring med traktor eller snøscooter innebærer. Dette kurset skal gi deg grunnleggande forståelse for trafikk og vere utgangspunkt for vidare opplæring.

Trafikalt grunnkurs kan du ta ved ein trafikkskule eller i den offentlige skulen. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år. Tek du kurset i den offentlige skulen, kan du ta det i 10. klasse sjølv om du ikkje har fylt 15 år.

Har du allerede førerkort i ein klasse (bortsett fra M 145) eller mopedførarbevis, kan du øvingskøyre i ein anna klasse utan trafikalt grunnkurs. Men har du mopedførarbevis, førerkort M 146 (tohjuls moped), S (snøscooter) etter T (traktor) må du likevel ta mørkekøyring og førstehjelp før du kan gå opp til førarprøven! Har du M 145 må ta du fullt trafikalt grunnkurs før øvingskøyring.


Om du ikkje har gjennomført mørkekøyringsdelen, vil retten til å øvingskøyre kun vere gyldig fram til og med 31. januar året etter. Dette vil framgå av beviset. Når mørkekøyringa er gjennomført vil det ikkje vere noko tidsbegrensning på beviset.

Dei som har gjennomført trafikalt grunnkurs utan mørkekøyring før 2009, beheld sin rett til øvingskøyring uten tidsbegrensning.

Fra 1. juli 2009 vil personar som er over 25 år vere fritatt for deler av trafikalt grunnkurs. Fritaket gjeld ikkje førstehjelp og mørkekøyring. Desse delene må vere gjennomført før praktisk førarprøve.

Det inneber at personar over 25 år kan øvingskøyre, og starte opplæring ved trafikkskule, utan å ha kurset. Ein må likevel under øvingskøyring dokumentere med akseptabel legitimasjon med bilde at ein er over 25 år.

IMG_5710.png

Trinn 2 personbil


Grunnleggande opplæring. Gjennom opplæringa på trinn 2 (for kl. BE trinn 2 og 3) skal eleven tilegne seg kunnskap om bilen og bilkøyring,

Trinn 2 personbil


Grunnleggande opplæring. Gjennom opplæringa på trinn 2 (for kl. BE trinn 2 og 3) skal eleven tilegne seg kunnskap om bilen og bilkøyring,

Grunnleggande opplæring

Gjennom opplæringa på trinn 2 (for kl. BE trinn 2 og 3) skal eleven tilegne seg kunnskap om bilen og bilkøyring, og lære å meistre bilen rient køyreteknisk, utan å måtte rette oppmerksomheiten mot andre trafikantar.

Det er ikkje fastsatt minste timetall for opplæring på dette trinnet. Opplæringa kan skje på ein trafikkskule og/eller ved å øvelseskøyre privat. Omfanget av undervisningen må tilpasses eleven sine forutsetningar og muligheiter for øvingskøyring.

Obligatorisk opplæring

Trinn 2 blir avslutta med ein obligatorisk veiledningstime der elev og lærar saman tek stilling til om eleven har tilstrekkelig køyrekompetanse.

IMG_5688.png

Trinn 3 personbil


Trafikal del. Gjennom opplæringa i trinn 3 skal eleven skal lære seg å beherske køyring i variert trafikk.

Trinn 3 personbil


Trafikal del. Gjennom opplæringa i trinn 3 skal eleven skal lære seg å beherske køyring i variert trafikk.

Trafikal del

Gjennom opplæringa i trinn 3 skal eleven skal lære seg å beherske køyring i variert trafikk. Ved avslutningen av trinn 3 skal eleven sine ferdigheiter vere slik at køyringen er tilnærma sjølvstendig.

Det er ikkje fastsatt minste timetall for opplæringa på dette trinnet. Undervisninga må tilpassast eleven sin erfaringsbakgrunn og muligheiter for øvingskøyring.

Obligatorisk opplæring

Sikkerheitskurs på bane er obligatorisk for alle som skal ha førarrett i klasse B, og blir gjennomført mot slutten av opplæringa på trinn 3. Kurset er ein vidareutvikling av det tidlegare glattkøyringskurset og er utvida med 1 time. I denne timen blir det lagt vekt på sikring av passasjerar og last.

Trinn 3 blir avslutta med ein obligatorisk veiledningstime der elev og lærar saman tek stilling til om eleven har tilstrekkelig køyrekompetanse.

IMG_5711.png

Trinn 4 personbil


Avsluttande opplæring. Opplæringa i trinn 4 skal bidra til å føre elevane fram mot førarprøven.

Trinn 4 personbil


Avsluttande opplæring. Opplæringa i trinn 4 skal bidra til å føre elevane fram mot førarprøven.

Avsluttande opplæring

Opplæringa i trinn 4 skal bidra til å føre elevane fram mot førarprøven.

Opplæringa her er retta mot elevene si risikoforståing og trafikksystemet. Det er viktig at eleven øver mykje også i trinn 4 slik at han/ho får mest muleg erfaring på dette nivået før han/ho skal ut på vegen åleine. Statens vegvesen anbefaler at eleven har køyrt minst 2000 km før han/ho går opp til førarprøven for å bli ein sikker bilist.

Obligatorisk opplæring

Sikkerheitskurs på veg er obligatorisk i trinn 4 og utgjer den avsluttande delen av opplæring ved trafikkskule. Som hovedregel skal obligatorisk sikkerheitskurs på bane og målet for trinn 3 vere nådd før ein begynner undervisning i trinn 4.

Måla for kurset sikkerheitskurs på veg er hovedsakleg retta mot eleven sin risikoforståelse og trafikksystemet, slik som i trinn 1. Ein viktig forutsetning er at desse har blitt lagt vekt på gjennom heile opplæringa, sjølv om desse tema vektlegges spesielt i starten og slutten av opplæringa.

For klasse BE (personbil med tilhengar) er kurs i sikring av last obligatorisk.

Personer som tidligare har gjennomført kurs i sikring av last, eller har førarrett i klassane C1 eller C, er fritatt fra kurset.

IMG_5806.png

Teoriprøve


Teoretisk førarprøve. Teoriprøven (teoretisk førarprøve) må du ta på ein trafikkstasjon.

Teoriprøve


Teoretisk førarprøve. Teoriprøven (teoretisk førarprøve) må du ta på ein trafikkstasjon.

Teoretisk førarprøve

Teoriprøven (teoretisk førarprøve) må du ta på ein trafikkstasjon. I dei klassane du må køyre opp kan du ta teorien 6 måneder før du er gammal nok til å ta førarkort i den aktuelle klassen. I dei klassane det berre er teori, må du vente til du er 16 år.

Før du kan ta teoriprøven må du ha levert søknad om førarkort og fått den godkjent. Send gjerne søknaden elektronisk.

  • Når du møter fram til prøve må du ha med deg gyldig legitimasjon.
  • I forbindelse med teoriprøven må du ta ein synstest

Du må svare riktig på 85 % av alle oppgavene for å bestå prøven.

I læreplanane "krav til opplæring"  finn du måla for kva du skal kunne. Oppgåvene på førarprøven er for det meste henta fra trinn 2 og 3. Se på måla som begynnar med "... skal ha kunnskap om, skal drøfte, skal gjøre rede for".

Hugs: Trafikalt grunnkurs er ikkje teorikurs!

IMG_5636.png

Praktisk prøve


Praktisk prøve klasse B og BE. Vilkåra for at du skal kunne køyre opp finn du under Førerprøven og Generelle bestemmelser.

Praktisk prøve


Praktisk prøve klasse B og BE. Vilkåra for at du skal kunne køyre opp finn du under Førerprøven og Generelle bestemmelser.

Klasse B og BE

Generelt

  • Vilkåra for at du skal kunne køyre opp finn du under Førerprøven og Generelle bestemmelser
  • Det er du sjølv som er førar og har ansvaret for det som blir gjort under prøven
  • Prøven har fleire deler eller oppgåver
  • Du må både køyre og løyse dei andre oppgåvene sjølvstendig
  • Måten du løyser oppgåvene på, blir vurdert mest muleg som ein heilheit
  • Resultatet blir bestemt når prøven er over
  • Du får vite om du bestod eller ikkje med ein gang
  • Du får ein skriftlig begrunnelse for resultatet

Køyretøy til prøven

  • Bilen du køyrer opp med, skal vere godkjent av Statens vegvesen.
  • Du må sjølv skaffe bilen - dei fleste leiger bil av ein trafikkskule.

Kva prøven omfattar

  • Du får èi sikkerheitskontrolloppgave før køyringa
  • Du køyrer 55-60 minutt under varierte veg- og trafikkforhold.
  • Ruta du køyrer, er fastsatt på forhånd. Ei datamaskin trekker kva rute du får.
  • Måten du gjer deg og bilen klar før køyringa, og måten du avslutter og sikrer bilen på etterpå, er også en del av prøven

Sikkerheitskontrollen

  • Du blir bedt om å kontrollere for eksempel lys, bremser, varsellamper eller noko anna
  • I tillegg må du forklare kva som kan være årsak eller følge dersom noko er feil

Oppgaver du får medan du køyrer

  • Du får beskjed i god tid om kvar du skal køyre
  • Du blir for det meste bedt om å køyre til navngitte stader som du finn skilt mot
  • Du kan bli bedt om å snu, parkere og rygge

Vurderinga som sensor gjer

  • Sensor vurderar om du har nådd måla godt nok til å trene vidare på eiga hånd
  • Det blir lagt vekt på om ein har god bilbehandling og kan køyre behageleg og økonomisk
  • Du må samtidig greie å vere oppmerksom på veg- og trafikkforholda rundt deg
  • Køyremåten skal vere tydleg og sikker og gi god trafikkavvikling
  • Du må køyre forutsjåande, ta hensyn til andre sine behov og legge opp til samhandling med andre trafikantar