Tractor-and-drill.jpg
IMG_5666.png
Fehlersuche_Traktor_Fehler.jpg
press_24092002_new_tractors_4.jpg
stock-footage-tractor-steering-wheel.jpg
exam.jpg
Learner Driver.jpg
Tractor-and-drill.jpg

Øvingskøyring klasse T


For å kunne øvingskjøre i klasse T må du vere fylt 15 år og ha fullført trafikalt grunnkurs.

SCROLL DOWN

Øvingskøyring klasse T


For å kunne øvingskjøre i klasse T må du vere fylt 15 år og ha fullført trafikalt grunnkurs.

Øvingskøyring i klasse T

OBS! Øvingskøyring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for anna trafikk!

For å kunne øvingskjøre i klasse T må du

  • vere fylt 15 år
  • ha fullført trafikalt grunnkurs
  • ha med anten bevis fullført trafikalt grunnkurs og legitimasjon, eller førarkort i ein anna klasse

Frå 1. juli 2009 vil personar som er over 25 år vere fritekne frå delar av trafikalt grunnkurs. Dette inneber at desse kan øvingskøyre utan å ha kurset. Akseptabel legitimasjon med bilde som stadfestar at ein er over 25 år må takast med under køyring.


Den som er med deg

  • må vere fylt 25 år
  • må ha hatt førerett  i klasse T, samanhengande dei siste 5 åra
  • NB! Dersom vedkommande har klasse T med kode 143, gjeld føraretten berre for traktor med tilhenger som har tillaten totalvekt høgst 750 kg!
  • NB! Kan ikkje ta betaling, sjå lengre ned på sida.

Traktoren

  • må ikkje vere konstruert for å gå fortare en 40 km/t

Tilhengaren

  • må ha aktuell totalvekt som ikkje er over det som er lov å dra med den traktoren du køyrer

Øvingsområdet

  • må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa

NB! Opplæring mot vederlag:

Det blir rekna som opplæring mot vederlag når den som sit ved sida av får betaling for å vera med, same kven som betaler. Det er viktig å merke seg dette, ettersom det blir stilt meir omfattande krav til køyretøy, lærar osv når opplæringa skjer mot vederlag.

IMG_5666.png

Trinn 1 traktor


Trafikalt grunnkurs. Før du kan begynne å øvingskøyre (privat eller ved godkjent opplæringsinstitusjon) må du ta trafikalt grunnkurs.

Trinn 1 traktor


Trafikalt grunnkurs. Før du kan begynne å øvingskøyre (privat eller ved godkjent opplæringsinstitusjon) må du ta trafikalt grunnkurs.

Trafikalt grunnkurs

Før du kan begynne å øvingskøyre (privat eller ved godkjent opplæringsinstitusjon) må du ta trafikalt grunnkurs. Når kurset er gjennomført vil du få eit bevis som du, saman med godkjent legitimasjon med bilde, må ha med under køyring.

Trafikalt grunnkurs er obligatorisk og felles for alle dei lette køyretøyklassane (moped, motorsykkel, personbil, tre- og firehjuls moped, snøscooter og traktor), kurset er i alt på 17 undervisningstimar og omhandlar:

  • Trafikkopplæringen 
  • Grunnleggande forståing for trafikk
  • Mennesket i trafikken 
  • Øvingskøyring og køyreerfaring 
  • Førstehjelp 
  • Tiltak ved trafikkulykke
  • Mørkekøyring

Gjennom opplæringa i trinn 1 skal du utvikle ei grunnleggande forståing for kva bilkøyring, moped- eller motorsykkelkøyring, køyring med traktor eller snøscooter inneber. Dette kurset skal gi deg grunnleggande forståing for trafikk og vere utgangspunkt for vidare opplæring.

Trafikalt grunnkurs kan du ta ved ein trafikkskule eller i den offentlege skulen. Aldersgrensen for å ta kurset er 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det i 10. klasse sjølv om du ikkje har fylt 15 år.

Har du allerede førarkort i ein klasse (bortsett fra M 145) eller mopedførarbevis, kan du øvingskøyre i ein anna klasse utan trafikalt grunnkurs. Men har du mopedførarbevis, førerkort M 146 (tohjuls moped), S (snøscooter) eller T (traktor) må du likevel ta mørkekøyring og førstehjelp før du kan gå opp til førarprøven!


Om du ikkje har gjennomført mørkekøyringsdelen, vil retten til å øvingskøyre kun vere gyldig fram til og med 31. januar året etter. Dette vil framgå av beviset. Når mørkekøyringa er gjennomført vil det ikkje vere noko tidsbegrensning på beviset.

Dei som har gjennomført trafikalt grunnkurs utan mørkekøyring før 2009, beheld sin rett til øvingskøyring utan tidsbegrensning.

Fra 1. juli 2009 vil personar som er over 25 år vere fritatt for deler av trafikalt grunnkurs. Fritaket gjeld ikkje førstehjelp og mørkekøyring. Desse delene må vere gjennomført før praktisk førarprøve.

Det inneber at personar over 25 år kan øvingskøyre, og starte opplæring ved trafikkskule, utan å ha kurset. Ein må likevel under øvingskøyring dokumentere med akseptabel legitimasjon med bilde at ein er over 25 år.

Fehlersuche_Traktor_Fehler.jpg

Trinn 2 traktor


Grunnleggande køyretøy- og køyrekompetanse. Gjennom opplæringa på trinn 2 skal elevane lære å meistre traktor med tilhengar reint køyreteknisk

Trinn 2 traktor


Grunnleggande køyretøy- og køyrekompetanse. Gjennom opplæringa på trinn 2 skal elevane lære å meistre traktor med tilhengar reint køyreteknisk

Grunnleggande køyretøy- og køyrekompetanse

Gjennom opplæringa på trinn 2 skal elevane lære å meistre traktor med tilhengar reint køyreteknisk, utan å måtte rette oppmerksomheita mot andre trafikantar.

Det er ikkje fastsatt minste timetall for opplæring på dette trinnet. Omfanget av undervisninga må tilpassast eleven sine forutsetningar og muligheiter for øvingskøyring.

Obligatorisk opplæring

Eleven skal gjennomgå ein obligatorisk veiledningstime som avslutning på trinn 2. Med bakgrunn i eleven si køyring skal elev og lærar saman ta stilling til i kva grad måla for trinn 2 er nådd og om eleven har god nok teknisk køyreferdigheit, slik at oppmerksomheten kan flyttast frå traktoren til samhandling med andre trafikantar.
Veiledningstimen skal vere av 45 minutt varigheit og innehalde både praktisk køyring og ein veiledningssamtale.

Måla for trinn 2 er gjengitt i læreplanen. Temaene og måla i læreplanen kan brukast som veiledning ved privat øvingskøyring.

press_24092002_new_tractors_4.jpg

Trinn 3 traktor


Trafikal del. På trinn 3 er måla retta mot eleven si læring og køyringen ute i trafikken

Trinn 3 traktor


Trafikal del. På trinn 3 er måla retta mot eleven si læring og køyringen ute i trafikken

Trafikal del

På trinn 3 er måla retta mot eleven si læring og køyringen ute i trafikken. Eleven skal kunne køyre i variert trafikk.

I tillegg skal eleven vurdere sin eigen kompetanse til å køyre traktor med tilhengar i trafikk. Ved avslutningen av trinn 3 skal elevene sine ferdigheter vere nær det tidspunktet ein kan køyre sjølvstendig.
Det er ikkje fastsatt minste timetall for opplæringa på dette trinnet. Undervisningen må tilpassast eleven sin erfaringsbakgrunn og muligheiter for øvingskøyring.

Obligatorisk opplæring

Mot slutten av trinn 3 skal det gjennomførast ein veiledingstime på 45 minutt. Timen skal innehalde både praktisk køyring og ein samtale. I denne timen skal eleven og trafikklæraren saman ta stilling til eleven sin måloppnåing.

Måla er gjengitt i læreplanen. Temaene og måla i læreplanen kan brukast som veiledning ved privat øvingskøyring.

stock-footage-tractor-steering-wheel.jpg

Trinn 4 traktor


Avsluttande opplæring. Opplæringa i trinn 4 er retta mot elevane si risikoforståing og trafikksystemet.

Trinn 4 traktor


Avsluttande opplæring. Opplæringa i trinn 4 er retta mot elevane si risikoforståing og trafikksystemet.

Avsluttande opplæring

Opplæringa i trinn 4 er retta mot elevane si risikoforståing og trafikksystemet.

Etter å ha gjennomført trinn 4 skal eleven ha den kompetanse som er nødvendig for å køyre traktor med tilhengar i samsvar med hovedmålet. Eleven skal kunne køyre sjølvstendig i variert trafikk på ein måte som gir god samhandling med andre trafikantar og som samtidig er økonomisk og miljøvennlig.

Obligatorisk opplærin

Kurs i sikring og merking av last for klasse BE, D1E, DE og T er obligatorisk. Kurset er på 2 undervisningstimar, der 1 time skal vere praktisk øving i merking og sikring av last på tilhengar. Personar som tidligare har gjennomført kurs i sikring av last, er fritekne fra kurset.

exam.jpg

Teoriprøve


Teoriprøven (teoretisk førarprøve) må du ta på ein trafikkstasjon.

Teoriprøve


Teoriprøven (teoretisk førarprøve) må du ta på ein trafikkstasjon.

Teoretisk førarprøve

Teoriprøven (teoretisk førarprøve) må du ta på ein trafikkstasjon. I dei klassane du må køyre opp kan du ta teorien 6 månader før du er gammal nok til å ta førarkort i den aktuelle klassen. I dei klassane det berre er teori, må du vente til du er 16 år.

Før du kan ta teoriprøve må du ha levert søknad om førarkort og fått den godkjent. Send gjerne søknaden elektronisk.

  • Når du møter fram til prøve må du ha med deg gyldig legitimasjon.
  • I forbindelse med teoriprøven må du ta ein synstest

Du må svare riktig på 85 % av alle oppgåvene for å bestå prøven.

I læreplanane "krav til opplæring"  finn du måla for kva du skal kunne. Oppgåvene på førarprøven er for det meste henta frå trinn 2 og 3. Sjå på måla som begynnar med "... skal ha kunnskap om, skal drøfte, skal gjøre rede for".

Hugs: Trafikalt grunnkurs er ikkje teorikurs!

Learner Driver.jpg

Praktisk prøve


Praktisk prøve i Klasse T. Vilkåra for at du skal kunne køyre opp finn du under Førerprøven og Generelle bestemmelser.

Praktisk prøve


Praktisk prøve i Klasse T. Vilkåra for at du skal kunne køyre opp finn du under Førerprøven og Generelle bestemmelser.

Klasse T

Generelt

  • Vilkåra for at du skal kunne køyre opp finn du under Førerprøven og Generelle bestemmelser
  • Det er du sjølv som er førar og har ansvaret for det som blir gjort under prøven
  • Prøven har fleire deler eller oppgåver
  • Du må både køyre og løyse dei andre oppgåvene sjølvstendig
  • Måten du løyser oppgåvene på, blir vurdert mest muleg som ein helheit
  • Resultatet blir bestemt når prøven er over
  • Du får vite om du bestod eller ikkje med ein gang
  • Du får ein skriftlig begrunnelse for resultatet

Køyretøy til prøven

  • Traktoren du køyrer opp med, skal vere godkjent av Statens vegvesen.
  • Du må sjølv skaffe traktoren.
  • Dei fleste leiger traktor av ein trafikkskule.

Kva prøven omfattar

  • Du køyrer 55-60 minuttar under varierte veg- og trafikkforhold.
  • Ruta du køyrer, er fastsatt på forhånd. Ei datamaskin trekker kva rute du får.
  • Du får ein sikkerhetskontrolloppgåve før køyringa
  • Måten du gjer deg og traktoren klar før køyringa, og måten du avsluttar og sikrar traktoren på etterpå, er også ein del av prøven

Sikkerhetskontrollen

  • Du blir bedt om å kontrollere for eksempel lys, bremser, varsellamper eller noko anna
  • I tillegg må du forklare kva som kan vere årsak eller følgje dersom noko er feil

Oppgåver du får medan du køyrer

  • Du får beskjed i god tid om kvar du skal køyre
  • Du blir for det meste bedt om å køyre til navngitte stader som du finn skilt mot
  • Du kan bli bedt om å snu, parkere og rygge

Vurderinga som sensor gjer

  • Sensor vurderer om du har nådd måla godt nok til å trene vidare på eiga hånd
  • Det blir lagt vekt på at ein har god bilbehandling og kan køyre behageleg og økonomisk
  • Du må samtidig greie å vere oppmerksom på veg- og trafikkforholda rundt deg
  • Køyremåten skal vere tydeleg og sikker og gi god trafikkavvikling
  • Du må køyre forutsjåande, ta hensyn til andre sine behov og legge opp til samhandling med andre trafikantar